Kategorier

Search

Omvendt klasserom

«No har eg meir tid til å arbeida med elevane individuelt. Eg har alltid ein samtale med kvar einaste elev i kvar einaste undervisning.»

Omvendt klasserom

Kva er omvendt klasserom?

Omvendt klasserom er òg kalla «Flipped classroom» og inneberer hovudsakleg at nytt faginnhald blir gitt til eleven som lekser i staden for i klasserommet. I det tradisjonelle klasserommet er det vanleg å gje eleven nytt faginnhald i klasserommet og sende oppgaver med heim. Driver læraren med omvendt undervisning så lagar læraren klar videosnuttar som eleven kan sjå på heime. Dette gir eleven sjansen til så sjå delar om igjen om det er noko som er vanskeleg å forstå, eller om fokuset ga etter. Når elever samles i klasserommet blir det mykje større rom for diskusjon av faginnhaldet, case-arbeid og kritisk tenking.

Kva er fordelene?

I følgje Tucker (2012), er de fleste lærarar einige om at det ikkje berre handlar om videosnuttane, men at dei er integrert i ei heil tilnærming. Klasserommet blir eit sted der elevane arbeider seg gjennom problemstillingar, engasjerer seg i samarbeidslæring, og ikkje minst så får dei sjansen til å få med seg alt utan at det må skje «her og no, eller ikkje i det heile». Altså, om eleven ikkje får med seg det læraren seier den eine gangen det blir sagt, og ikkje vågar å sei i frå om det, så er den moglegheita vekke.

Det gir òg ein gylden moglegheit til å vurdere kva eleven får med seg av videosnuttane. Anten ved å ha små oppdrag som for eksempel at alle elever skal kome til klasserommet med eit spørsmål om faginnhaldet, eller ved å sende ut Forms med eit spørsmål dei skal svare på. Kort forklart er desse fordelane med omvendt klasserom:

  • Klasserommet blir eit sted for aktiv læring
  • Moglegheit for repetisjon av fagleg innhald
  • Betre tilrettelagt læring då elevane arbeider i eige tempo
  • Moglegheit for å vurdere kunnskap
  • Elevane blir betre i sjølvstendig læring
  • Elevar som er mykje vekke treng ikkje å gå glipp av alt
  • Klasseromsundervisninga kan bli meir interessant for elevane

Omvendt klasserom i praksis

Det er fleire ting som må vurderas når ein skal gjennomføre omvendt klasserom. Dynamikken i klasserommet er veldig ulikt og dermed er det viktig å forbereda seg sjølv og elevane sine på å ha omvendt undervisning. Det er læraren som i utgangspunktet veit best når det gjeld klassen dei underviser, men det er nokre punkt som går igjen når ein skal forbereda seg til å «flippe» klasserommet:

  • Bestem deg for teknologien du vil bruke – det bør vera så enkelt som mogleg å bruke for deg
  • Velg kva for video-plattform du vil bruke (vi anbefaler Stream som er innebygd i Office 365)
  • Bestem kva for type videoar du vil lage (Powerpoint + voiceover, du snakkar til kamera, refleksjonspørsmål undervegs osv.)
  • Finn metoder du kan bruke for å sjekke at elevane ser videoane for eksempel små oppdrag til elevane (Eit godt tips er å bruke Flipgrid, les vårt innlegg om flipgrid her: https://www.kunnskapskassen.no/2022/07/03/flipgrid-i-undervisningen/)
  • Reflektèr over opplegget og gjer forbetringar

Ressurser

Tucker, B. (2012). The flipped classroom. Education next12(1), 82-83.
https://www.statped.no/laringsressurser/teknologitema/omvendt-undervisning/hva-sier-forskning-om-omvendt-undervisning/
https://edu.usn.no/flipped-classroom/

Har du nokre erfaringar med omvendt klasserom? Del gjerne i kommentarfeltet!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Handlekurv

Logg inn

Registrer

Dine personopplysninger brukes til å øke brukervennligheten på denne nettsiden, gi deg tilgang til administrasjon av din brukerkonto og andre formål som beskrevet i våre personvernregler.

Logg inn

Registrer

Dine personopplysninger brukes til å øke brukervennligheten på denne nettsiden, gi deg tilgang til administrasjon av din brukerkonto og andre formål som beskrevet i våre personvernregler.