Kategorier

Search
hva er drivhuseffekten

Flipgrid i undervisninga

Flipgrid i undervisninga

«Flipgrid erstattar ikkje klasseromsdiskusjonen, den utvidar den»

Kva er Flipgrid?

Flipgrid er ein plattform for videodiskusjonar, men dei byttar no namn til berre Flip. Som lærar kan du stille spørsmål til elevane gjennom video eller tekst. Elevane sender inn ein video som svar.
Elevane kan logga seg inn på nettstaden eller i applikasjonen. Videoen spelast inn direkte gjennom applikasjonen, men det er òg mogleg å laste opp video frå kamerarullen eller PC.
Som lærar kan du stille inn maksimal lengde på videoen. Du kan velje om eleven berre skal sjå sin eigen video, eller andre elevar sine. Du kan stille inn om berre du som lærar eller elevane kan respondere på videoane.

Korleis bruke Flipgrid i undervisninga?

Lag oppgåver, der eleven får moglegheit til å forklare og kommunisere sin kunnskap. Den kan òg brukast til at elevane får stilt sine spørsmål. Appen kan brukast i både i forkant eller etterkant av undervisninga. Som lærar har du då mogelegheit til å tilpasse undervisninga. Døme på bruk av forkant i undervisninga er at ein elev les ein tekst og svarar på eit spørsmål til teksten. Eleven skal på slutten av videoen òg kome med eit spørsmål eller noko eleven ønskjer at læraren skal snakke meir om i timen. I etterkant kan det brukast til og forklare noko ein har gått igjennom i timen.

hva er drivhuseffekten
Dette er et eksempel på en oppgave som er gitt til elever på ungdomstrinnet. Dette ble gitt i lekse etter å gjennomgått temaet.

Vurdering for læring

Når elevane har sendt inn video, så har du moglegheit til å gje elevane ei tilbakemelding i appen. Du kan òg opne for at medelevar kan respondere.

Vår erfaring og bruk

Me har god erfaring med bruk av Flipgrid.
Elevane som til vanleg ikkje er så delaktige munnleg, har no fått delteke og vist kva dei kan. Det har òg vore ein god erstatning for korte skriftlege oppgåver.

Konkret bruk i undervisning:

  • I naturfag fekk elevane i oppgåve å forklare korleis ei varmepumpe fungerte, ved hjelp av ein teikning.
  • I matematikk fekk elevane i oppgåve å forklare utrekninga si.
  • I samfunnsfag leste elevane ein tekst om kolonisering og imperialisme. Elevane fekk i oppgåve å forklare dette og stille eit spørsmål som me skulle ta opp i timen.

Me har laga oppgåver i naturfag som du kan bruke i Flipgrid eller likande. Desse kan du laste gratis ned på vår nettside eller ved å følgje denne lenkja:
https://www.kunnskapskassen.no/produkt/oppgaver-naturfag-8-10-trinn/


I lenkja under kan du lese meir om oppdateringa til Flipgrid:
https://info.flip.com/blog/product-updates/flip-rebrand-features.html

Nb! For tida må skulen din ha en egen databehandleravtale med Flipgrid, sjølv om du brukar Microsoft jobb-/ skolekontoen din. Microsoft Utdanning Norge seier at dei jobber med å inngå ein avtale med Flipgrid, slik at databehandleravtalen deira kjem inn under Microsoft sin. (Alle skuler og organisasjonar med O365- jobb-/ skulekonto har ein databehandleravtale med MS allereie.) Dei IT-ansvarlege i kommunen kan ordna ein databehandlingsavtale med Flipgrid.

Sjekk ut meir om på heimsida til Flipgrid: https://info.flip.com/

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Handlekurv

Logg inn

Registrer

Dine personopplysninger brukes til å øke brukervennligheten på denne nettsiden, gi deg tilgang til administrasjon av din brukerkonto og andre formål som beskrevet i våre personvernregler.

Logg inn

Registrer

Dine personopplysninger brukes til å øke brukervennligheten på denne nettsiden, gi deg tilgang til administrasjon av din brukerkonto og andre formål som beskrevet i våre personvernregler.