Kategorier

Search

Kva er elevmedverknad og kvifor er det viktig?

«Elever som overvakar sin eigen læringsprosess, reflekterer over den og påverkar den aktivt, er de som lærer best».
Kva er Elevmedverknad

Kva er elevmedverknad?

Jorunn M. Holte (2009, s. 14) avklarar i sin masteroppgåve om barns deltaking, at medverknad i undervisning inneberer ikkje at elevane skal bestemma, men aktivt delta i planlegginga, gjennomføringa og vurdering av eigen læring. Som vikar i skulen har eg prøvd å leggja opp til elevmedverknad ved å la elevane være med å bestemme store delar av eit fordjupningsprosjekt. Det einaste eg bestemte på forhand var kompetansemål som skulle dekkas, og siste fristdato. Eg lòt elevane væra med å bestemme arbeidsmetodar, dato på eventuelle innleveringar før den store presentasjonen, og innspel til eventuelle tema dei trong gjennomgang av for å gjennomføre oppgåva. Elevane reagerte med sjokk, og stilte spørsmål om det ikkje var «læraren» som skulle bestemme dette. Det gav meg inntrykket av at dei ikkje hadde fått vore med på så mykje av planlegginga før. Dette inntrykket blir bekrefta av Elevundersøkelsen, der det kjem fram at vi skårar 3,62 på elevdemokrati og elevmedverknad (Wendelborg, Dahl, Røe, og Buland, 2019). Men kvifor er det eigentleg viktig at elevane deltar?

(Last ned dette oppgåvearket som bidrar til elevmedverknad ved å la elevane velge mykje sjølv. Det passer til tema «English speaking countries»: https://www.kunnskapskassen.no/produkt/oppgaveark-til-tema-english-speaking-countries/ )

Kvifor er det viktig?

Ei breiare forståing av didaktikk inkluderer kva, kvifor og korleis. Altså, læring trenger mål, innhald, form og metodar (Rismark & Lyngsnes, 2007, S. 46). Elevmedverknad er ein viktig del av både mål og metodar. For at eleven skal sjå meining i læringa, bør den få ha ei stemme når det gjeld målsetting, og kva metodar den skal bruke for å tileigna seg læring. Deltaking og mestring er viktige faktorar for at læringsføresetnadane skal væra gode (Rismark & Lyngsnes, 2007, S. 46). Etter eigen erfaring, har eg skjønt viktigheita av hjelpa eg kan tilby som lærar for at dei skal meistra å planleggja eigen læring. Mange av elevane syns det kan bli overveldande å veta kva dei skal gjere for å oppnå læring. Når eg har fått til dette, har eg opplevd auka læring hos fleire elevar i klassen. Dermed er læraren betydeleg viktig som rettleiar for at eleven skal væra med å ta ansvar for eigen læring og utvikling, som òg blir bekrefta av Rismark & Lyngsnes (2007. s. 47). Vidare siterer Rismark & Lyngsnes (2007, s. 50) Piaget følgjande: «Elever som overvakar sin eigen læringsprosess, reflekterer over den og påverkar den aktivt, er de som lærer best». Som tyder at ein av lærarens viktige oppgåver er å leggja til rette for at elevane lærar om eigne læringsstrategiar. 

Er det uetisk å utelukka elevmedverknad?

I tillegg er medverknad i skulen viktig fordi skulen som organisasjon og lærarar som tilsette, har ei plikt om å følgja opplæringslova og læreplanane. Både læreplanane og opplæringslova nemner elevmedverknad som eit viktig element i skuleverket. Det blir dermed uetisk og uansvarleg om skulen og lærarane vel å ikkje følgja det. I forskrift til opplæringslova (2006) står det i hjemlet § 1-4a. Tid til arbeid med elevråd og elevmedverknad at alle elever skal ha moglegheit og tid til å jobbe med elevdemokrati og ha medverknad i si opplæring (Forskrift til opplæringsloven, 2006). I tillegg så er elevmedverknad og medbestemmelse belyst i opplæringslova §1-1 om formålet med opplæringa. I den overordna delen av læreplanverket blir det lagt fram som viktig at elevane får demokratiske verdiar gjennom aktiv deltaking i deira opplæringsløp. Dette blir lagt fram under punkt 1.6 demokrati og medverknad (Kunnskapsløftet, 2006).  Under punkt 3.1 Eit inkluderande læringsmiljø står det òg følgjande:

«Elevmedverknad må prega skulens praksis. Elevane skal både medverka og ta medansvar i læringsfelleskapet som de skaper saman med lærarane kvar dag.» (Kunnskapsløftet, 2006)

Eg kjenner at for meg kjem dette til å væra ei prioritering som lærar framover, kva tenker du om elevmedverknad?

Kjelder

Buli-Holmberg, J., Ekeberg, R., T. (2016). Likeverdig og tilpasset opplæring i en skole for alle. Universitetsforlaget.

Damsgaard, L. J. (2015). Elevmedvirkning: Fra intensjon til virkelighet. Universitetet i Oslo.

Evensen, K. (2021). Helhetlig vurderingspraksis i skolen (1. utgave.). Fagbokforlaget.

Kunnskapsløftet. (2006). Udir.no. Hentet 16. Oktober 2021 fra Overordnet del: Demokrati og medvirkning https://www.udir.no/lk20/overordnet-del/opplaringens-verdigrunnlag/1.6-demokrati-og-medvirkning/?lang=nob

Kunnskapsløftet. (2006). Udir.no. Hentet 16. Oktober 2021 fra Overordnet del: Formålet med opplæringa https://www.udir.no/lk20/overordnet-del/formalet-med-opplaringen/?lang=nob

Kunnskapsløftet. (2006). Udir.no. Hentet 16. Oktober 2021 fra Overordnet del: Prinsipper for skolens praksis https://www.udir.no/lk20/overordnet-del/3.-prinsipper-for-skolens-praksis/3.1-et-inkluderende-laringsmiljo/?lang=nobWendelborg C., Dahl T., Røe M., og Buland T. (2019) Elevundersøkelsen: Analyse av Utdanningsdirektoratets brukerundersøkelser. NTNU Samfunnsforskning.

Last ned dette oppgåvearket som passer til tema «English speaking countries»: https://www.kunnskapskassen.no/produkt/oppgaveark-til-tema-english-speaking-countries/.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Handlekurv

Logg inn

Registrer

Dine personopplysninger brukes til å øke brukervennligheten på denne nettsiden, gi deg tilgang til administrasjon av din brukerkonto og andre formål som beskrevet i våre personvernregler.

Logg inn

Registrer

Dine personopplysninger brukes til å øke brukervennligheten på denne nettsiden, gi deg tilgang til administrasjon av din brukerkonto og andre formål som beskrevet i våre personvernregler.